logony                                            

              Startside                                       VEDTEKTER FOR  DMF 

                            

Vedteke på årsmøtet:         19.06.2001
Revidert:                          Feb.  2002 - 2003 – 06.02.2004 – 21.02.2006 – 21.02.2007 - 19.02.2008
Vedtektene samsvarer i hovudsak med mønstervedtektene til Norges Musikkorps Forbund (NMF)frå 1998.

Vedtektene er eit grunnlag for korleis korpset skal vera organisert, avvikling av årsmøte, styret sine arbeidsoppgåver og reglar for medlemskap i korpset.

§1      ORGANISASJON
§2      FØREMÅL
§3      MEDLEMSKAP
§4      ÅRSMØTE
§5      STYRE
§6      MEDLEMSMØTE
§7      UTVAL
§8      USEMJE / TVISTEMÅL        
§9      OPPLØYSING
§10    VEDTEKTSENDRING

 
§1       ORGANISASJON
Dale Musikkforening vart stifta fyrste gong hausten 1881. Foreininga hadde korte avbrekk i tida 1903 -1905, og vart så stifta 
på nytt i 1905. Årsmøtet 21.02.2006 vedtok at stiftingsåret skal vera 1881.
DMF er tilslutta Norges Musikkorps Forbund og høyrer til NMF Hordaland Krets.
Organisering av korpset:

Musikantar frå skulekorps kan vera aspirantar frå 1. august det året dei fyller 15 år. Medlemsforpliktelsar i aspiranttida skal oppfyllast i forhold til skulekorpset. Medlemmer kan takast opp frå 1. august det året dei fyller 16 år.

Styret, som er valt på årsmøtet, er ansvarleg for drift av korpset.

Dirigenten for korpset er tilsett enten direkte av korpset med arbeidsgjevaransvar eller gjennom den kommunale musikkskulen. 
Han har ansvaret for den musikalske leiinga og utviklinga.

Korpsutvalet har hovudansvar for korpsets funksjonar ved øvingar og speleoppdrag.

Støttelag m.m.
Korpset kan ha eit støttelag som har ulike oppgåver til støtte for korpset.
Støttelaget har eige styre, fører eigen rekneskap og har eigen økonomi.
DMF har ein kontaktmedlem til støttelagets styre. Medlemmen er valt av årsmøtet i DMF.

DMF kan ha støttemedlemmer (passive) utan vanlege rettar.

§2       FØREMÅL
Dale Musikkforening skal leggja vekt på musikalske ferdigheiter og godt miljø til beste for sine medlemmer.
DMF skal vera upolitisk.
DMF skal ivareta korpset sine interesser i det lokale musikk- og kulturliv.

§3       MEDLEMSKAP

3.1            Opptak av medlemmer
Styret kan ta opp musikantar og andre interesserte som medlemmer i korpset. Ved innmelding i korpset blir ein automatisk medlem i NMF.

3.2            Krav til medlemskap

3.2.1       Alle medlemmer pliktar å fylgja DMF sine vedtekter, reglement og lovlege vedtak.

3.2.2       Nye medlemmer skal gje opplysningar på gjeldande innmeldingsskjema og ved endring av desse gje melding til styret. Opplysningane blir meldt vidare for registrering ved NMF. Reservasjon er ikkje mogleg.

3.2.3       Musikantane skal møta på øvingar, seminar, konsertar og andre oppdrag til avtalt tid. I tilfelle fråvær pliktar ein å melda frå om dette.

3.2.4       Instrument, uniformar, notar og anna utstyr som korpset eig, skal haldast i god stand. 
Uforsiktig behandling kan medføra økonomisk ansvar.

3.2.5       Deltaking i andre musikkorps eller bruk av korpsets eigneluter i andre musikkaktivitetar må godkjennast av styret.

3.3            Æresmedlemmer

3.3.1       Æresmedlemskap medfører fri kontingent og fri plikt til tillitsverv.

3.3.2       Æresmedlemskap vert oppnådd etter 50 års medlemskap eller etter styret si vurdering ved spesielle tilfelle.

3.4            Rapporteringsplikt og kontingent

3.4.1       Driftsåret for korpset fylgjer kalenderåret.

3.4.2       Medlemmene skal betala kontingent kvart år innan desember månad.

3.4.3       Korpset betaler kontingent til NMF innan 1. februar kvart år. Kontingenten vert rekna etter registrert medlemstal per 31.desember.

3.5            Utmeldingar

3.6            Utestenging og disiplinære tiltak

3.6.1       Styret kan setja i verk disiplinære tiltak overfor medlemmer som ikkje rettar seg etter vedtektene, reglar og vedtak eller er til skade for korpset sin aktivitet.

3.6.2       Styret kan stengje ute medlemmer for eit bestemt tidsrom.

3.6.3       I grovare tilfelle kan årsmøtet vedta tap av medlemskap.

3.6.4       Vedtak om utestenging eller tap av medlemskap kan ankast inn for krinsstyret.

§4       ÅRSMØTET

4.1            Status
Årsmøtet er Dale Musikkforenings høgaste myndigheit.

4.2            Årsmøteperiode, innkalling og sakshandsaming

4.2.1       Ordinært årsmøte skal haldast kvart år i januar/februar månad.

4.2.2       Det kan kallast inn til ekstra årsmøte dersom styret eller 1/3 av medlemmene krev det.

4.2.3       Kunngjering vert gjort minimum 4 veker før ordinært og 2 veker før ekstraordinært årsmøte.

4.2.4       Saker som medlemmer ynskjer til behandling på årsmøtet må vera styret i hende minst 2 veker før.

4.3            Representasjon, rettar og votering

4.3.1       På årsmøtet deltek medlemmer i korpset, utvalsmedlemmer og gjester invitert av styret.

4.3.2       Tale-, forslags- og stemmerett har:

Medlemmer.
Medlemmer i styret i alle saker, men ikkje stemmerett under behandling av årsmelding og rekneskap.

4.3.3      Talerett har:

Representantar frå NMF.

Årsmøtet kan gje talerett til kven det måtte ynskje.

4.3.4       Gyldig vedtak krev simpelt fleirtal, meir enn halvparten av dei avgjevne stemmene. Ved likt stemmetal avgjer leiar med dobbel stemme.

4.3.5      Årsmøtet er vedtaksført når halvparten av aktive medlemmer møter. I tilfelle for få frammøtte, vert det innkalla til ekstraordinært årsmøte som er vedtaksført uavhengig av  talet på frammøtte medlemmer.

4.4            Sakliste for årsmøtet

Årsmøtet skal behandla:

4.4.1       Konstituering

1.      Opning

2.      Namneopprop og registrering av stemmeføre

3.      Godkjenning av innkalling

4.      Godkjenning av sakliste

5.      Val av møteleiar

6.      Val av møtesekretær

7.      Val av protokoll underskrivarar

4.4.2       Årsmeldingar, godkjenning

4.4.3       Revidert rekneskap, godkjenning

4.4.4       Saker til behandling frå styret og medlemmer

4.4.5       Fastsetjing av medlemskontingent

4.4.6       Godkjenning av plan og budsjett

4.4.7       Val:

1.      Leiar for eitt år                     

2.      Økonomileiar for to år  (På val ved årsmøter i år med partal. (2006-2008…)

3.      Sekretær for to år  (På val ved årsmøter i år med oddetal. (2007-2009…)

4.      Styremedlem for to år  (På val ved årsmøter i år med oddetal. (2007-2009…)

5.      Styremedlem for to år  (På val ved årsmøter i år med partal. (2006-2008…)

6.      Korpsleiar for to år  (På val ved årsmøter i år med oddetal. (2007-2009…)

7.      Note/Materialforvaltar for to år  (På val ved årsmøter i år med partal. (2006-2008…)

8.  Note/Materialforvaltar for to år  (På val ved årsmøter i år med oddetal. (2007-2009…)

9.      Varamedlem for eitt år

10.      2 revisorar for to år (Ein revisor er på val anna kvart år)

11.      Årsmøtet gjer framlegg om og vel 3 medlemmer til valnemnd (ein skal veljast som leiar).

Dei som vert valde må ha gyldig medlemskap og må ha sagt seg villige til å motta verv.
Val skal vera skriftleg når det vert kravd.

 

§5       STYRET

5.1            Samansetjing
Styret består av leiar og fem styremedlemmer som har kvart sitt ansvarsområde. Dei er:

Leiar, kasserar, sekretær, to styremedlemmer og korpsleiar.

5.2            Fullmakter

5.2.1       Styret leier korpset etter dei vedtak som årsmøtet har fatta.

5.2.2       Styret kan utnemne dei nemnder/utval som er naudsynt.

5.2.3       Styret kan revidera og forma ut dei reglar og instruksar som er naudsynte for å regulera ansvaret og aktivitetane til korpset.

5.2.4       Leiar eller to styremedlemmer kan underteikna for korpset. Styret kan gi fullmakt når det er naudsynt.

5.3            Styremøter

5.3.1       Leiar kallar inn til styremøte når leiar eller tre styremedlemmer finn det naudsynt.

5.3.2       Styret er vedtaksført når minst 3 styremedlemmer har møtt fram. På ikkje fulltalige styremøte, kan ein styremedlem forlange ei sak 
framført for fulltalig styremøte til lovleg vedtak.

5.3.3       Styrevedtak skal protokollførast. Medlemmene skal informerast om vedtak som er gjort.

5.3.4       Varamedlem vert kalla inn til styremøter. Har stemmerett kun når styret ikkje er fulltallig.

5.4            Årsavslutting
Styret skal utarbeida årsmelding og avslutta rekneskap for kvar årsmøteperiode.
Rekneskapen skal reviderast av revisorar valt av årsmøtet.

5.5            Personalansvar
Styret føretek engasjement, tilsetjingar, oppseiingar og avsetjingar og har fullmakt til å inngå avtalar med musikkskule eller direkte med 
andre lønna fagpersonar (t.d. dirigent). Leiar utøver det daglege arbeidsgjevaransvar ved direkte avtalar.

§6       MEDLEMSMØTER
Medlemsmøte vert halde for å formidla kontakt, informasjon og drøftingar med medlemmene i korpset. Det vert halde medlemsmøte når 
styret eller medlemmene i korpset har behov for det.

§7       UTVAL

7.1           
Revisjon
Revisorane skal gå gjennom rekneskapen for korpset for kvar årsmøteperiode, og leggja fram melding  for årsmøtet.

7.2            Valnemnd
Valnemnda skal gjera framlegg om valføre kandidatar til tillitsverv etter §4.4.7. unnateke pkt. 11.

7.3      Andre utval
Utval som styret nedset som naudsynt.


§8  USEMJE / TVISTAR

Usemje/tvistar omkring forståing av vedtektene skal leggjast fram for kretstyret med forbundsstyret som klageinstans.


§9       OPPLØYSING OG UTMELDING AV NMF
(Norges Musikkorps Forbund)


9.1            
DMF skal ikkje oppløysast så lenge det er 5 (fem) medlemmer.


9.2          
Vedtak om oppløysing av korpset må gjerast på to påfølgjande årsmøte. Vedtaket krev 2/3 fleirtal.9.3            
       
       
9.3        I tilfelle oppløysing skal midlar plasserast i bank på sperra og renteberande konto. I perioden fram til nytt korps er oppretta,
         kan denne kontoen ikkje disponerast av andre enn dei som har fått disposisjonsrett hjå det siste årsmøtet.

         Denne avgjerda gjeld ikkje ved samanslåing av musikkorps.

9.4             Siste ordinære årsmøte kan vedta at korpsets midlar og eigedom skal overførast til eit anna korps eller musikkføremål i grunnskulen 
eller som hjelp til andre musikkføremål, dersom nytt korps ikkje er reorganisert innan 5 år.      

9.5     Vedtak om utmelding av NMF (Norges Musikkorps Forbund) kan gjerast på to påfølgjande årsmøte med minst ein månads mellomrom 
med 2/3 fleirtall. Utmelding skal vera skriftleg og gå gjennom krinsen til NMF innan 15. november om ho skal være rettskraftig frå 
året etter.

§10     VEDTEKTSENDRING

Årsmøtet kan endra vedtektene med 2/3 fleirtal.

Vedtektene er gjeldande frå 20.06.2001.

 

20.06.2001 jc                                                                                                                                                     

Startside