logony                                               

              Startside                          

AKTUELT 2005

            Her er ein link til DMF sin konsert på Dystingen; 1000 m over havet:

                                                                          dystingen_2005



AKTUELT FOR DMF 2007


DALE MUSIKKFORENING

innbyr til "annleis" kyrkjekonsert i Dale kyrkje: fredag 15. februar - kl. 19.30.

I samspel med profesjonelle musikarar, alle frå vår eigen kommune, presenterer korpset ein svært variert musikkmeny. Det vert flotte soloinnslag og musikk for ein kvar smak. Per Jørgensen, Lars Flostrand, Kjell Atle Gullbrå og Dag Olav Faugstad er solistar.

Tone Synnøve Øygard Steinkopf framfører "Gabriels Obo", ein vakker blokkfløytesolo saman med flygel. Torsdagsklubben er sjølvsagt på plass, og ikkje minst; "Uldis Plepis Band" m/ Per Jørgensen, Olav Arne Steinkopf, Atle Stokke, John Brudvik og Knut Stamneshagen i eit svingande samspel.

Sjå detaljert program i lokalavisa.

Dale Musikkforening ynskjer deg hjarteleg velkomen!


________________________________________________________________________________________

SWING & SWEET I DALEHALLEN 10.11.2007
Dale Musikkforening hadde "kledd" seg om til storband og framførte dansemusikk til eit entusiastisk kafèpublikum.
I tillegg hadde vi Per Jørgensen, Olav Arne Steinkopf og Geir Morten Hansen med som gjester i samspel med DMF, Torsdagklubben og som solistar i tillegg til at dei utgjorde eit eige band saman med dirigenten Uldis Plepis. At dette var populær og flott musikk å dansa etter, fekk vi mange tilbakespel på både frå lokale folk og tilreisande "gamle" dalingar. Det var også dei som var møtt fram også berre for å høyra på musikken. Gjestene kunne kosa seg ved småbord og nyta frå baren både i form av vått og tørt som til eksempel hotdogs.


KONSERT 13.03.2007

I eit samarbeid med  Voss Musikklag hadde vi ein samkonsert i Nain på Voss. Dette vart ein sers vellukka konsert med variert musikk frå begge korps. Kvart korps hadde først ein avdeling kvar og avslutta felles med Våren av Grieg og ein russisk marsj av Adapkin: Farvel til ei slavisk kvinne. Etter avisa Hordaland å døma, gjorde begge korps ein god figur kvar for seg og felles. Så dette ville gjerne vossingane ha meir av. Dei var visst ikkje heilt klar over at det fantes eit så pass bra janitsjarkorps så nære til som på Dale.


Dale Mf i Nain   klikk for å sjå

KONSERT I HØVE OPNING AV DALE 2 KRAFTVERK 26.04.2007
Dale 2 kraftverk skal setjast i drift. Dette skal markerast med assistanse av DMF inne i fjellhallen.

ABBA 07.06 - 10.06.2007

Korpset skal i samband med Daledagane i tida 7.-10. juni ha 6 forestillingar i Dalehallen på Dale med ABBA melodiar. Dette er ei kjempestor oppgåve som krev stor innsats frå alle medlemmane og fleire til. Som forsterkningar er det leigd inn vokalistar og bandmusikarar. Innøving av dei ulike melodiar er allereide i full gang og det heile vil intensiverast fram mot premieredagen 7. juni.

Eigen ABBA-side   klikk for å sjå