logony                                     abba vokalistane  abba kor  abba korps (C) Esben Hesjedal                 Link til presseomtale
                                                                                          Vellukka framføringar                                                                         BT omtale                                 
              Startside
                                                                           ABBA - suksess

På Daledagane 7.-9.juni arrangerte Dale Musikkforening i alt 6 konsertar med ABBA melodiar. Alle forestillingane var i Dalehallen og samla i alt
rundt heile 1300 personar. Målet var å klara rundt tusen, men dette vart over det ein heilt realistisk kunne rekna med.


Publikum har berre lovord om opplegget og prestasjonane. Vokalistane Oddrun og Ingunn sprudla på scena og det lokale "proffe" koret var fullt
på høgde. Det var tilreisande som var svært så imponert over det flotte "storbandet" som spelte så bra og spurte kven det var. Lokalpressa har også berre positiv omtale om arrangementet, berre synd at forholda i Dalehallen ikkje er av dei beste, men kan henda dette er litt av sjarmen
med DMF, at det går an å få til det mest utrulege trass i vanskelege forhold.


Med andre ord kan nok DMF pusta letta ut og vera ikkje så lite stolt av seg sjølv med ein så stor innsats og eitt slikt vellukka resultat som kom også gjennom eit så godt samarbeid med proffar og andre gode lokale musikalske krefter.

Vel "blåst" alle.